Utviding av C-stasjonen på SSD?

Løst
Dette emnet inneholder 1 svar, har 2 deltakere og ble sist oppdatert av  user-412085 5 år, 1 måned siden.
Forfatter
[email protected]
Participant

Er der råd å utvide C-stasjonen på ein SSD? Stasjonen er på 1 T.  Men eg får berre brukt 101 GB  til C og 819 GB til D.

I tillegg er der  opp til fleire små OEM -partisjonar som eg ikkje får brukt. Ønsket mitt er å få fjerna OEM-partisjonane og utvida C på bekostning av D.. Er det mulig?

Med helsing

HenryO


user-412085
Spectator

    Dei skjulte partisjonane er det ikkje alltid lurt å sletta. Har du BIOS av typen UEFI (vanleg på nyare maskiner) er ein svært liten del av disken reservert for data som blir brukt av denne til oppstart av maskina. Den har navn, men ingen tilordna volum bokstav og er kun på få megabyte.

    Ein skjult partisjon vart kanskje oppretta av Windows og er Windows sin gjenopprettingspartisjon. Denne har også enkelte verktøy for feilretting og gjenoppretting frå kommandolinje. Har du kjøpt maskina ferdig frå produsent kan produsenten også ha lagt inn sin eigen gjenopprettingspartisjon. Denne blir brukt når maskina blir sett til fabrikkinnstilling ved å trykka funksjonstasten for dette under oppstart. For HP er dette gjerne F11.

    Har du SSD disk er gjerne ein mindre del av den reservert for bruk til lagring når minneceller blir «utslitt». Om denne plassen er synleg som ein blank partisjon på slutten av disken (etter din stasjon D) er eg ikkje sikker på; det kan hende at elektronikken på SSD diskar skjuler denne for operativsystemet.

    Eit alternativ for omfordeling av plassen mellom disk C og D er å endra størrelsen innbyrdes mellom dei dersom dei ligg rett inntil kvarandre. Ta backup av alle data før du gjer dette! Du brukar Windows sin eigen diskbehandlar til dette, eller eit separat tredjeparts program med samme funksjon.

     

    Helsing Lars

    Forumet ‘WINDOWS’ er stengt for nye emner og svar.