Forumsvar Lagt Inn


user-412085
Spectator

    Google vil normalt ikkje senda melding om at pålogginga er blokkert med mindre det er oppdaga aktivitet som indikerer ein serie mislykka forsøk på automatisert pålogging eller andre svært unormale ting. I staden får du melding om at det registrert pålogging frå ny einheit eller lokasjon, og ber deg så om å gå gjennom aktiviteten din etter at du har logga inn på din konto på nettet. Der skal det stå identiteten til den nye eininga, operativsystem, avsendars IP-adresse og den geografiske plassen som forbunde med den i meldinga.

    Som nevnt av support over, bør du vera kritisk til slike meldingar. Dersom du les meldinga i GMail eller, kan du sjekka om det faktisk er Google som har sendt den ved å opna den i «original» versjon. Bruk menyen til høgre for svarknappen for dette når meldinga er opna. Epost program har normalt òg ein slik funksjhon. Header-seksjonen står øverst, med siste trinn øverst. Nederst står det som epost programmet til avsendar har oppgitt. Her kan du sjekka kva server(ar) meldinga har gått gjennom, og resultatet av diverse autentiseringstrinn. Epost frå Google skal ha «dkim=passed» og «spf=passed» etter linjene » ARC-Authentication-Results» og «Authentication-Results». Det kan stå andre linjer som indikerer status «passed» og har innbyrdes identisk epost adresse med dei av dei med «spf=passed».

    Helsing Lars

     


    user-412085
    Spectator

      Outlook har innstilling for begrensing av aktivt innhald eller HTML. Aktivt innhald er for eksempel skript og makroar som er innebygd i dokumentet, og den beskyttelsen bør alltid vera sktivert. Når det gjeld HTML-innhald kan det kanskje gå an å stilla inn Outlook til å opna meldingar i begrensa (enkel) HTML-modus i staden for å blokkera HTML totalt. Outlook (og dei fleste andre epost klientar brukar HTML som standard for å kunna formatera tekst med meir.

      Helsing Lars


      user-412085
      Spectator

        Det som normalt er omtalt som BankID på mobil er som skissert over, eit sertifikatet lagra på SIM-kortet, der du må bekrefta meldinga du får (to ord som skal passa med nettsida) med PIN-kode. PIN-koden er ditt einaste vern her.

        Den andre måten er det du har no – vanleg BankID med kodebrikke. Kodebrikka kan om du vil erstattast av ein app. For å aktivera appen må du bruka BankID med kodebrikke eller BankID på mobil. Appen kan kun brukast på ein telefon om gongen – det oppstår feil dersom du aktiverer på to separate telefonar eller på telefon pluss nettbrett.
        Ved bruk av vanleg BankID med kodebrikke vil du etter fødselsnummeret normalt få spørsmål om kode frå kodebrikka. Appen erstattar dette trinnet, og du må svara ja eller nei i appen om det er du som vil logga på med BankID. Dette kan i teorien misbrukast av nokon som stel telefonen men manglar kodebrikka, sidan det kun er ja/nei utan ytterlegare PIN-kode i appen. Dei må likevel kjenna ditt personlege passord for å misbruka din BankID utan kodebrikke.

         

        Helsing Lars

         


        user-412085
        Spectator

          Samme problem her. Gjeld ikkje berre dette programmet, men alle andre eg har testa, inkludert Audacity:

          <Error>
          <script/>
          <Code>NoSuchKey</Code>
          <Message>The specified key does not exist.</Message>
          <Key>files/kom/production/2021/03/18092108/audacity-win-3.0.22.exe</Key>
          <RequestId>KHV5468WMVQ4G7QC</RequestId>
          <HostId>NISOxOEfAo0h6mrCydhFj5QXFGYSKfeJpGfhI7ALxPa8VeanI+R/wtWmEuPYaIGATJ1QwWrtDg4=</HostId>
          </Error>


          user-412085
          Spectator

            Det var ingen skrivefeil i epost adressa. Testa nettopp på nytt, og GMail adresse med 13 tegn framfor krøllalfa vart ikkje godtatt. Når eg erstatta den med ei anna GMail adresse eg har, vart den godtatt. Denne har 7 tegn framfor krøllalfa.

            Beskjeden var at dei ikkje kunne godta adressa, utan å nemna noko meir om årsak.


            user-412085
            Spectator

              Om du vil vera ekstra sikker på at ingen kan gjenoppretta dine data ved hjelp av spesialverktøy kan du bruka eit program som overskriv ubrukte deler av disken med tilfeldige data. Det er fleire slike, og mange er gratis. Om maskina alt er gitt bort kan det vera litt seint for dette, men det går alltids an å kontakta mottakar og finna ut om det går an å gjera dette. Bruk i så fall ein versjon av programmet som kan køyrast frå USB utan å installerast på maskina for å unngå at ny eigar får eit uønska program på maskina si.

              Som i alle slike tilfelle av opprensking bør det takast kopi av dokument, foto og andre ting som ikkje må gå tapt.


              user-412085
              Spectator

                All den tid Windows vart oppgradert med firmaet sin USB, kan du ha fått ein versjon for firma som har avtale med Microsoft om volumlisens. Slike lisensar er tidsbegrensa og må fornyast av firmaet, som så legg inn den nye lisensen på sine maskiner. Er dette tilfellet og firmaet ikkje vil legga sin lisens inn på di maskin må du i verste fall kjøpa ny full lisens til Windows 10 og installera frå USB eller DVD.

                Prøv å kontakta firmaet, beskriv situasjonen  og be om at dei aktiverer maskina med sin lisens. Om dei nektar, undersøk dokumentasjonen til maskina (fysisk håndbok eller online) om den har ein skjult partisjon for systemgjenoppretting og tastekombinasjonen som må brukast under kaldstart for å gjenoppretta til fabrikktilstand.

                Om du må gjenoppretta maskina til fabrikkstandard og har klart dette, undersøk om du kan få gratis oppgradering frå Windows 7. I så fall kan du gjera det online eller med din USB. Oppgi i så fall lisensen til Windows 7 dersom du får spørsmål om det. Får du ikkje gratis oppgradering må du kjøpa ny lisens til Windows 10 og oppgi denne under installasjon. Du kan hoppa over aktivering under installasjon og gjera det seinare om du ikkje har gyldig nøkkel tilgjengeleg.

                 

                Helsing Lars


                user-412085
                Spectator

                  Er den deaktivert i dialogen «Datamaskinbehandling»? Om du har «Min PC» som systemikon på skrivebordet, høgreklikk og velg «Behandle». Eventuelt trykk <Win>+R og skriv  kommandoen compmgmt.msc

                  Sjekk kategorien «Enhetsbehandling» og kontroller at det ikkje er advarselsikon eller at «Lydinnganger og -utganger» ikkje er deaktivert for den.


                  user-412085
                  Spectator

                    Er den deaktivert i dialogen «Datamskinbehandling»? Om du har «Min PC» som systemikon på skrivebordet, høgreklikk og velg «Behandle». Eventuelt trykk <Win>+R og skriv  kommandoen compmgmt.msc

                    Sjekk kategorien «Enhetsbehandling» og kontroller at det ikkje er advarselsikon eller at «Lydinnganger og -utganger» ikkje er deaktivert for den.


                    user-412085
                    Spectator

                      Bærbar PC eller stasjonær? dersom stsjonær – tastatur merke/modell og eventuelt installert tillegsprogram/drivar som eksempelvis Logitech Gamig Software?

                      I utgangspunktet kan det virka som enten problem med drivar, eller at systemet kanskje trur det har tasteoppsett som på telefon, med 1, 2 og 3 øverst?

                      Det er fint om du har meir indormasjon om merke/modell for bærbar maskina eller det separate tastaturet.

                       

                      Helsing Lars


                      user-412085
                      Spectator

                        Avsendaren har mest sannsynleg brukt eit tegnsett som er ulikt ditt. Eksempel på dette ser du på Wikipedia artikkelen Tegnsalat.

                        Sjå òg denne forum-tråden


                        user-412085
                        Spectator

                          Generelt kan det oppstå problem når epost klienten til  sendar og mottakar har konfigurert eit standard tegnsett som er ulikt det den andre har på sitt system. Det kan eksempelvis resultera i det som er vist i denne Wikepedia artikkelen:  Tegnsalat


                          user-412085
                          Spectator

                            Dei skjulte partisjonane er det ikkje alltid lurt å sletta. Har du BIOS av typen UEFI (vanleg på nyare maskiner) er ein svært liten del av disken reservert for data som blir brukt av denne til oppstart av maskina. Den har navn, men ingen tilordna volum bokstav og er kun på få megabyte.

                            Ein skjult partisjon vart kanskje oppretta av Windows og er Windows sin gjenopprettingspartisjon. Denne har også enkelte verktøy for feilretting og gjenoppretting frå kommandolinje. Har du kjøpt maskina ferdig frå produsent kan produsenten også ha lagt inn sin eigen gjenopprettingspartisjon. Denne blir brukt når maskina blir sett til fabrikkinnstilling ved å trykka funksjonstasten for dette under oppstart. For HP er dette gjerne F11.

                            Har du SSD disk er gjerne ein mindre del av den reservert for bruk til lagring når minneceller blir «utslitt». Om denne plassen er synleg som ein blank partisjon på slutten av disken (etter din stasjon D) er eg ikkje sikker på; det kan hende at elektronikken på SSD diskar skjuler denne for operativsystemet.

                            Eit alternativ for omfordeling av plassen mellom disk C og D er å endra størrelsen innbyrdes mellom dei dersom dei ligg rett inntil kvarandre. Ta backup av alle data før du gjer dette! Du brukar Windows sin eigen diskbehandlar til dette, eller eit separat tredjeparts program med samme funksjon.

                             

                            Helsing Lars